Usemje om heimebrent i EU

Kor mykje sprit kan ein brygge heime utan å betale skatt for det? Den som tørstar etter svar, må vente, sidan leiarane i EU ikkje klarer å bli samde.
utenriks

Kjernen er om det skal vere eit unntak frå skattekravet i dei landa der produksjon av heimebrent faktisk er heilt lovleg verksemd. Og viss svaret er ja, kvar går grensa for talet på liter sprit ein kan framstille utan at futen melder seg?

Romania og Ungarn er dei fremste forsvararar av denne forma for husflid. Tusenvis av bønder lagar eigen sprit av frukt som av ein eller annan grunn ikkje blir seld, ofte plommer og aprikosar.

Minst 100 liter

Dei to landa vil at EUs skattereglar skal gi rom for å kunne brenne minst 100 liter i året av det til dels svært sterke rumenske plommebrennevinet tuica og det ungarske fruktbrennevinet palinka, med røter tilbake til mellomalderen, utan å måtte skatte.

Men det er av naboane ein skal ha det. Bulgaria og Tsjekkia seier bastant nei og viser til at dei har som offisiell politikk å kjempe mot avhengnad av alkohol, tobakk og narkotika.

– Eg kan ikkje godta legalisering av heimelaga sprit, seier den tsjekkiske finansministeren Alenka Schillerova. Fredag stoppa ho igjen alle moglegheiter til avklaring i saka.

Kompromiss

Eit kompromiss som elles synest å kunne bli akseptert av dei fleste land, også Sverige, er at dei landa som vil tillate produksjon av heimebrent, skal få kunne gjere det. Men det skal maksimalt vere lov å brenne 50 liter per hushald årleg.

Men dette er framleis for mykje skattefridom for Bulgaria. Visefinansminister Marinela Petrova gjorde det klart i Brussel fredag at regjeringa hennar kan strekke seg til 50 liter per hushald, men med 50 prosent skatt, ikkje full skattefridom.

Naboane er ikkje fornøgd.

– Eg er svært skuffa over kollegaene mine. Vi er innstilte på å vere fleksible, konstaterte den rumenske statssekretæren Attila György, då han reiste heim med uforretta sak.

Nye kompromissforslag skal no utarbeidast før finansministermøtet i desember.

(©NPK)