Tyrkia vil starte utsendinga av utanlandske IS-fangar neste veke

Tyrkia vil sende fengsla utanlandske IS-krigarar i Syria tilbake til heimlanda. Heimsendingane byrjar neste veke, opplyser den tyrkiske regjeringa.
utenriks

Innanriksminister Suleyman Soylu kom med fråsegna fredag, berre dagar etter at landet gav beskjed om at dei utanlandske fangane vil bli sende ut, uavhengig av om heimlanda vil ta imot dei.

– Vi har fortalt dei: Vi vil sende desse folka tilbake til dykk, og vi byrjar med det frå måndag av, sa Soylu under ein tale i Ankara, ifølgje det statlege nyheitsbyrået Anatolia.

Innanriksministeren har tidlegare opplyst at 1.200 utanlandske IS-krigarar har vorte tatt til fange av Tyrkia. Etter Tyrkias intervensjon i nordlege Syria som vart rulla i gang i oktober, har dei fengsla ytterlegare 287 IS-krigarar.

Ei ukjend mengde IS-krigarar har rømt frå kurdiskkontrollerte leirar i Nord-Syria under kaoset som oppstod i samband med offensiven.

Det er ikkje kjent om personane som er arresterte av Tyrkia, blir haldne fanga i tyrkiskkontrollerte område i Syria eller i Tyrkia.

Om lag 12.000 antatte IS-krigarar har vorte haldne fanga av den kurdiskdominerte SDF-styrken i Nord-Syria. Mange av desse er framandkrigarar frå andre land. Mange land, blant dei europeiske, har vist liten vilje til å hente heim statsborgarar som har vore framandkrigarar i Syria. Tyrkia og kurdiske sjølvstyrestyresmakter har fleire gonger bedt dei om å ta ansvar, utan å få gehør.

I staden har Storbritannia tatt statsborgarskapet frå britar som har deltatt i terrorhandlingar. Det internasjonale regelverket er ikkje tydeleg når det gjeld kva ein skal gjere med personar som er statslause.

(©NPK)