Trump avviser at han vil fjerne tollbarrierane mot Kina

USAs president Donald Trump avviser at han vil fjerne alle tollbarrierane han har innført på kinesiske varer.
utenriks

– Eg kjem ikkje til å gjere det, sa Trump til reporterar i Det kvite hus etter å ha vorte spurt om han fullt ut vil fjerne tollbarrierane han har innført på kinesiske varer, som til saman utgjer 400 milliardar dollar.

Presidenten slo òg fast at den venta handelsavtalen mellom USA og Kina vil bli signert i USA, truleg i delstaten Iowa.

Tidlegare fredag sa Peter Navarro, Trumps fremste rådgivar for utanrikshandel, at USA kan komme til å utsetje den varsla tollauken overfor Kina i desember.

I eit intervju med den reklamefrie samanslutninga av radiostasjonar, National Public Radio, sa han at det kan gå i den retninga.

– Vi kan vere villige til å utsetje desse tollsatsane for kinesiske varer, men det er til sjuande og sist opp til presidenten, sa Navarro.

Torsdag uttalte ein talsmann i det kinesiske næringsdepartementet at Kina og USA er samde om at dei auka tollsatsane som er innførte mellom landa sidan i fjor, skal fjernast etappevis. Han sa òg at forhandlingane dei siste vekene har vore konstruktive.

Fråsegna bidrog til oppgang på børsane både i Asia, Europa og USA.

(©NPK)