Mann forskansa seg på museum i Frankrike

Mannen som forskansa seg på eit arkeologisk museum i Saint-Raphael i Sør-Frankrike, er arrestert av politiet.
utenriks

Politistyrkar omringa museet, der mannen braut seg inn i natt og deretter nekta å kommunisere med politiet.

Seint onsdag formiddag opplyser politiet at mannen no er arrestert.

«Det skal bli eit helvete på dette museet» , skal mannen ha uttrykt ifølgje ei kjelde nyheitsbyrået AFP har vore i kontakt med.

Han skal òg ha komme med truande beskjedar på arabisk, ifølgje politiet.

Det er mogleg mannen har hatt ein medhjelpar.

(©NPK)