Elleve døde etter uroa i Chile – politiet rustar opp i vente på nye samanstøytar

Elleve personar har så langt mista livet i opptøyane i Chile. Presidenten i landet, Sebastián Piñera, utvidar unntakstilstanden og seier at «landet er i krig».
utenriks

Elleve personar mista livet gjennom helga – tre på laurdag og åtte søndag, ifølgje styresmaktene. Nærare 1.500 personar er arresterte etter uroa i helga.

Måndag var dei fleste skular og universitet i hovudstaden Santiago stengde. Det danna seg òg lange køar utanfor butikkar og bensinstasjonar.

Store politistyrkar er plasserte rundt T-banestasjonane i hovudstaden i vente på nye opptøyar. Gjennom helga vart fleire titals T-banestasjonar ramponerte av demonstrantar, som sette fyr på T-banevogner og bussar.

– Vi er i krig mot ein mektig fiende som ikkje respekterer noko eller nokon og som er villig til å ty til vald og kriminalitet utan nokon grenser, seier president Sebastián Piñera.

Opptøyane starta fredag etter studentleidde protestar som vart utløyste av ein auke i prisen på metrobillettar. Demonstrasjonane har etter kvart gått over til å vere uttrykk for aukande frustrasjon over andre sosiale og økonomiske problem.

Presidenten svarte på dei kraftige opptøyane fredag med å innføre ein to veker lang unntakstilstand, som seinare vart utvida til å gjelde i ti av dei 16 regionane i landet. Dermed patruljerer soldatar i Santiagos gater for første gong sidan general Augusto Pinochets militærdiktatur tok slutt i 1990.

Laurdag kunngjorde styresmaktene at prishoppet blir utsett, men demonstrasjonane heldt fram. Mellom anna er mange misnøgde med høgare prisar på helse- og tenestetilbod, lågare pensjonar og auka forskjellar.




(©NPK)