Carlsberg utviklar ølflaske av papp

Det danske bryggerikonsernet Carlsberg, som òg eig Ringnes, er i gang med å utvikle ei ølflaske laga av trefiber.
utenriks

Carlsberg har arbeidd med å få på plass ei berekraftig og resirkulerbar ølflaske laga av papp sidan 2015. Fredag kunne den danske bryggerikjempa vise fram to nye prototypar. Begge har ei hinne av polymerar på innsida . Selskapet har likevel ein ambisjon om å lage ei hundre prosent biobasert flaske utan polymerar, som er eit kjemisk framstilt materiale.

Utviklinga av flaskene er del av berekraftsprogrammet «Together Towards ZERO», som inneber ei forplikting om at alle bryggeria skal vere karbonnøytrale innan 2030.

Carlsberg opplyser at bryggeriet vil samarbeide med Coca-Cola, den svenske vodkaprodusenten Absolut og sminkeprodusenten L'Oréal i arbeidet med å utvikle pappflasker.

(©NPK)