100.000 blir evakuerte frå brann i Los Angeles

100.000 menneske har fått ordre om å evakuere heimane sine på grunn av ein stor skogbrann som truar utkanten av Los Angeles.
utenriks

Skog- og buskbrannen herjar i eit 18 kvadratkilometer stort område rett nord for byen, og så langt har minst 25 bustadhus vorte tatt av flammane. Store brannmannskap er sette inn i sløkkearbeidet, som går føre seg både på bakken og frå lufta. Men brannen var fredag ikkje under kontroll.

Minst éin person har omkomme, ifølgje Reuters. Politisjefen i Los Angeles, Michel Moore, opplyser at 100.000 menneske har fått ordre om å evakuere frå til saman 20.000 bustadhus.

Brannen starta torsdag kveld, og sterk vind gjer at brannen spreier seg raskt i det tørre terrenget.


(©NPK)