Tryggingsministeren i Indonesia såra i knivangrep

Indonesias tryggingsminister Wiranto er såra i eit knivangrep, visstnok utført av ein IS-tilhengar.
utenriks

Den lokale politimeisteren vart òg såra i angrepet som skjedde i det Wiranto skulle setje seg inn i ein bil i Pandeglang på øya Java torsdag.

Ein mann og ei kvinne er arrestert etter hendinga. TV-bilde viser at livvakter kastar seg over dei to og legg dei i bakken utanfor universitetet i byen etter knivangrepet.

72 år gamle Wiranto, som tidlegare var forsvarssjef i Indonesia, skal ha fått to djupe sår, men tilstanden vart kalla stabil då han vart send til Jakarta.

Indonesia er verdas mest folkerike muslimske land og har vore ramma av ei rekke terrorangrep sidan tusenårsskiftet.

(©NPK)