Regjeringa i Romania felt

Eit mistillitsforslag mot regjeringa i Romania har fått fleirtal i nasjonalforsamlinga.
utenriks

Mistillitsforslaget mot statsminister Viorica Dancilas sosialdemokratiske regjering var fremma av dei seks opposisjonspartia etter skuldingar om dårleg bruk av EU-midlar og få offentlege investeringar.

Forslaget var underteikna av 237 folkevalde, fire meir enn det som var nødvendig for å kaste regjeringa.

Etter planen er det val på ny nasjonalforsamling i Romania i desember neste år.

(©NPK)