Eurolanda nærmar seg eige budsjett

Eurolanda har tatt eit viktig skritt i retning av eit eige budsjett og er no samde om eit såkalla budsjettinstrument.
utenriks

Finansministrane i dei 19 eurolanda vart natt til torsdag samde om det som formelt heiter «budsjettinstrument for konkurransekraft og konvergens». I daglegtale blir forkortinga BICC brukt.

Målet med den nye ordninga er å finansiere satsingar og reformer som gjeld eurolanda. BICC skal handterast av EU-kommisjonen seier Mario Centeno, som leidde finansministermøtet i Luxembourg.

Det er førebels ikkje klart kor mykje pengar som skal leggast inn i BICC. Det kjem mellom anna an på EUs langtidsbudsjett og på kva leiarane i landa kan bli samde om. I tillegg til eurolanda, kan land som er med i valutakursordninga ERM II vere med på det nye samarbeidet.

Sverige og Danmark er begge utanfor, men den svenske finansministeren ønsker BICC velkommen.

– Det var lange og tøffe forhandlingar, men det enda med eit resultat som er bra for heile EU, seier Magdalena Andersson, som var med på møtet.

Ho og den danske kollegaen hennar Nicola Wammen kan smile litt ekstra over prinsippet som no er fastsett om at eurolanda kan velje å legge meir pengar i BICC-potten, men at det i så fall må skje utanom det vanlege EU-budsjettet.

– Det er kanskje ikkje siste gong eurolanda vil ha ei eiga ordning. Då er det utruleg viktig at det er etablert eit prinsipp om at dersom dei vil ha noko som berre er for dei, så er det òg dei som skal betale, seier Andersson.

(©NPK)