Tusenvis av skuleelevar streika for klimaet i USA

Fleire titals tusen skuleelevar og andre frammøtte streika fredag for klimaet i USA. I New York streika òg initiativtakar Greta Thunberg.
utenriks

Med skilt med bodskap som: «There is no planet B» og «dette kan ikkje vente til eg er ferdig på skolen», møtte tusenvis av demonstrantar opp på Capitol Hill i Washington DC til klimastreik.

Mange av dei unge demonstrantane uttrykte skuffelse over at foreldregenerasjonen førebels har gjort det dei meiner er for lite for å stoppe klimaendringane.

– Det er trist at barna må gjere dei vaksne sin jobb, seier åttandeklassingen Jessica Kulp til nyheitsbyrået AP.

Totalt var det planlagt meir enn 800 klimademonstrasjonar i USA fredag.

Klimaaktivist Greta Thunberg deltok under streiken i New York der meir enn 1,1 millionar skuleelevar hadde fått fri for å demonstrere mot klimaendringane.

(©NPK)