HRW: Kriminelle nettverk truar regnskogforkjemparar i Brasil

Avskoginga av Amazonas blir i stor grad driven av kriminelle nettverk som bruker vald og truslar mot dei som prøver å stoppe dei, kjem det fram i ny rapport.
utenriks

Dei kriminelle nettverka har den logistiske kapasiteten til å koordinere ei utvinning i stor skala, omarbeide og selje tømmer, samtidig som dei plasserer ut væpna menn til å skremme, og i nokre tilfelle drepe, dei som ønsker å verne regnskogen, kjem det fram i ein ny rapport frå Human Rights Watch (HRW).

– Situasjonen blir berre verre under president Bolsonaro, der angrepet hans på miljøorganisasjonane i landet utset dei som bur i regnskogen for ein mykje større fare, seier fungerande miljø- og menneskerettsdirektør Daniel Wilkinson i ei pressemelding.

300 drap på ti år

Ifølgje HRW har det vore 28 drap, fire drapsforsøk og 40 tilfelle av drapsforsøk knytte til regnskogen som organisasjonen meiner det finst truverdige bevis for at dei som står bak er tilknytt ulovleg avskoging. Dei fleste av hendingane skal ha skjedd dei siste fem åra. Nokre av offera var miljøagentar, medan dei fleste var urfolk eller andre bebuarar i regnskogen som melde frå om den ulovlege avskoginga til styresmaktene.

Totalt har det ifølgje tal frå den velgjerande organisasjonen Pastoral Land Commission (CPT), som også Brasils justisminister viser til, vore 300 drap det siste tiåret i samband med konfliktar om bruk av land og ressursar i Amazonas.

Blir ikkje etterforska

Berre 14 av dei 300 drapa registrerte av CPT hamna i retten. Av dei sakene HRW har sett på, gjekk to av 28 drapssaker til retten.

– Dette kjem i stor grad av den manglande etterforskinga til politiet. Lokalt politi, som erkjenner svikten, seier det er fordi drapa finn stad i avsidesliggjande område. Likevel dokumenterte Human Rights Watch alvorlege unnlatingar i etterforskinga av drap som skjedde i byar, ikkje langt frå politistasjonar, inkludert unnlating av obduksjon, skriv organisasjonen.

Ingen av drapstruslane HRW har sett på gjekk til retten i eit land der enkelte stader nektar å registrere saker om truslar.

– I minst 19 av dei 28 drapa vart det retta truslar mot offera eller samfunnet deira før angrepa. Hadde styresmaktene etterforska truslane kunne drapa kanskje ha vore hindra, skriv HRW.

Organisasjonen har intervjua over 170 personar i samband med den nye rapporten.

Dobla avskoging

FN held 23. september eit møte i New York for å diskutere korleis ein globalt kan kjempe mot klimaendringane. Som deira bidrag forplikta Brasil seg i 2016 til å få bort ulovleg avskoging av Amazonas innan 2030.

Men i Jair Bolsonaros første åtte månader som president, har avskoginga nesten dobla seg samanlikna med same periode i 2018, ifølgje offisielle tal HRW refererer til.

August var den fjerde månaden på rad avskoginga i Brasil auka samanlikna med året før, ifølgje statistikk frå Brasils romforskingssenter INPE.

Regjeringa i Noreg har halde tilbake 300 millionar kroner i regnskog-støtte, og Bolsonaro har svart med å skulde Noreg for kvaldrap og sagt at pengane heller kan gå til skogplanting i Tyskland.


(©NPK)