FAA: Usikkert når Boeing 737 MAX kan fly igjen

Over eit halvt år etter at Den amerikanske luftfartsstyresmakta (FAA) sette Boeing 737 på bakken, er det framleis usikkert når flytypen igjen vil vere i lufta.
utenriks

Det stadfestar den nye FAA-leiaren Stephen Dickson i eit intervju med CNBC måndag, der han seier at sikkerheita kjem først – og at luftfarsmyndigheitene ikkje har ein tidsfrist på seg til å godkjenne flytypen igjen etter at dei vart sette på bakken i mars.

– Eg kan garantere at flymodellen ikkje vil fly igjen før eg er sikker på at det er det tryggaste der ute, legg til han.

737 MAX var Boeings bestseljande modell, men vart sett på bakken etter to alvorlege ulykker. I oktober i fjor mista alle dei 189 om bord livet då eit 737 MAX 8 frå indonesiske Lion Air styrta i havet kort tid etter avgang frå Jakarta. Fem månader seinare styrta eit tilsvarande fly frå Ethiopian Airlines. Alle dei 157 om bord omkom, inkludert norske Karoline Aadland, som jobba for Røde Kors.

Boeing har oppdatert programvara på flya etter at eitt av systema om bord vart knytt til ulykkene, men styresmaktene har framleis ikkje gitt klarsignal til å ta flya i bruk igjen.

Ifølgje Reuters skal FAA-sjefen denne veka fly til Seattle for å teste ein simulator av den nye programvara til Boeing 737 MAX.

(©NPK)