Brigitte Macron blir lære igjen

Frankrikes førstedame Brigitte Macron vil tilbake til klasserommet og skal undervise vaksne på ein skule i ein av Paris' forstader.
utenriks

Macron skal undervise i fransk. Skulen ligg i forstaden Clichy-sous-Bois aust for Paris, og elevane hennar vil vere personar som er på jakt etter arbeid og som ikkje har fullført vidaregåande skule.

Ho meiner at vaksenopplæringa ho skal jobbe for, er svært viktig, og seier at ho òg vil vise at det er mogleg å byrje i arbeid igjen uansett alder. Sjølv er ho 66 år.

Brigitte Macron går tilbake i jobb samtidig som franske arbeidarar er i harnisk over Macrons pensjonsreform, som mellom anna inneber ei kraftig heving av pensjonsalder til 64 år for alle, uansett yrke.

Fredag vart Paris lamma av ein omfattande streik i kollektivtransporten. Det er venta fleire streikar utover hausten.

Forstaden Clichy-sous-Bois fekk mykje omtale hausten 2005 som følgje av ungdomsprotestar og alvorlege opptøyar etter at to tenåringsgutar mista livet som følgje av straumstøyt i ein transformatorstasjon då dei prøvde å gøyme seg for politiet.

Macron har fortalt pressa at ho er litt nervøs, men at det kjennest godt å vere tilbake fire år etter at ho slutta som lærar for å støtte den politiske karrieren til ektemannen. Den førre jobben hennar var på ein privat eliteskule i Paris.

(©NPK)