Amnesty-pris til Greta Thunberg

Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg og skulestreik-rørsla hennar fekk måndag Amnesty Internationals fremste pris for menneskerettsarbeid.
utenriks

Prisen vart overrekt 16-åringen for hennar «unike leiarskap og mot til å kjempe for menneskerettar».

Thunberg sa under mottakinga at prisen er til «alle desse uredde unge som kjempar for framtida si. Ei framtid som dei bør kunne ta for gitt, men som dei ikkje kan slik som det ser ut no». Ho nytta òg høvet til å oppmode unge og vaksne til å delta på klimastreiken 20. september.

Prisen Thunberg fekk måndag vart oppretta av Amnesty i 2002. Før henne har mellom anna Nelson Mandela fått prisen.

16-åringen fekk prisen under besøket sitt i Washington D.C. Ho er onsdag invitert til å tale i Representanthuset i Kongressen, etter å ha vorte invitert av Demokratane, før ho 23. september skal delta på klimatoppmøtet i New York.

(©NPK)