Varemerket Storbritannia kan bli svekt av brexitbråk

Krangling og kaos i brexitkampen kan svekke Storbritannias rykte som eit danna og tedrikkande land der ein dyrkar kongehus og fotballstjerner.
utenriks

Raude telefonkioskar, svarte drosjer og ei dronning som har sete på trona så lenge nokon kan hugse – det er nokon av bilda som dukkar opp når folk tenker på Storbritannia og London.

Den siste tida er det derimot demonstrasjonar, politisk krangel og vegen mot eit varsla brexitkaos som har prega inntrykka frå øyriket. Det kan svekke varemerket Storbritannia, trur ekspertar.

Uvisse

Bildet som kjem fram i media for tida, er ikkje positivt, fastslår varemerkeekspert Eva Ossiansson ved Göteborgs universitet. Sjølv utan bråket rundt brexit, er utmeldinga frå EU ei varemerkeutfordring, meiner ho.

– At ein part forlèt eit fellesskap, er vanskeleg å sjå som noko positivt. Når det verkar å bli stadig meir parodisk, er det ikkje til gagn for landet eller for næringslivet, seier ho.

For næringslivet kan nettopp uvissa som kan lesast mellom linjene i saker om politisk spel og Boris Johnsons bitande utsegner, avgjere om ein vil satse i til dømes London, seier Ossiansson. Ho får støtte frå kollega Johan Anselmsson ved Lunds universitet.

– Til sjuande og sist handlar forretningar og investeringar om truverd, seier Anselmsson, som også er varemerkeekspert.

Dei to trur likevel ikkje brexitbråket kjem til å gå nemneverdig ut over turismen i Storbritannia. Der spelar valutakursar ei mykje større rolle.

– Fargerik

Sjølv om den politiske stoda kanskje manglar sidestykke, så er ikkje dette første gong det britiske varemerket har vore i endring. Tony Blair lanserte Cool Britannia i 1997, eit konsept som skulle signalisere kreativitet og økonomisk optimisme. Spice Girls og Oasis vart trekte fram som symbol på kor kult det moderne Storbritannia hadde vorte.

Men der Cool Britannia var ei bevisst satsing på fornying, har dagens regjering langt mindre kontroll på dei endringane som skjer med merkevara no. Og Boris Johnson har ikkje same karismaen som Blair, meiner Ossiansson.

– Han er kanskje fargerik, men han skaper ikkje så positive assosiasjonar. Og dersom veremåten hans blir oppfatta som negativ, så er det det bildet som kjem i fokus, seier ho.

– Kan rettast opp igjen

Ekspertane augnar likevel håp for Storbritannias omdømme. Dei seier òg at næringslivet kan hente seg inn ganske raskt dersom det nokså fort kjem ei løysing på EU-utmeldinga. Ossiansson meiner ei avklaring av brexitsituasjonen igjen kan føre tankane over på ting som har ein meir positiv gjenklang.

– På to–tre år kan vi vere tilbake til assosiasjonar om kongehus og rosebed igjen, trur Anselmsson.


(©NPK)