Tysklands sentralbanksjef går hardt ut mot ESBs stimuleringstiltak

Bundesbank-sjef Jens Weidmann skuldar Den europeiske sentralbanken (ESB) for å gå for langt med dei nye tiltaka for å stimulere økonomien i eurosona.
utenriks

– Ein så omfattande pakke var ikkje nødvendig, sa Weidmann til Bild fredag, dagen etter at ESB vedtok å kjøpe stats- og selskapsobligasjonar for 20 milliardar euro kvar månad.

I tillegg vart den marginale innskotsrenta, som låg på minus 0,4 prosent, senka ytterlegare eitt hakk til minus 0,5 prosent. I forkant av EUs rentemøte torsdag hadde fleire sentralbanksjefar, mellom dei tyske Weidmann, åtvara mot å innføre nye stimuleringstiltak.

– Ei avgjerd om å kjøpe meir offentleg gjeld vil gjere det vanskelegare for ESB å komme seg ut av denne linja. Jo lenger dette varer, jo meir vil bieffektane og risikoen for denne svært ekspansive pengepolitikken vekse, åtvara den tyske sentralbanksjefen.

Ifølgje AFPs kjelder har stimuleringspakken ført til stor splitting blant sentralbanksjefane til eurosona.

Tiltaka er meinte å hindre at veksten i eurosona spaknar og skal ifølgje ESB halde fram så lenge det er nødvendig. Den viktige styringsrenta blir liggjande uendra på 0,0 prosent.

(©NPK)