Tusenvis redda frå flaumvatn medan uvêret rasar vidare i Spania

Redningsmannskapa jobbar på spreng ved Spanias middelhavskyst, som er ramma av det som kan vere det verste uvêret på 100 år. Minst fire personar er omkomne.
utenriks

Stormen, som har ramma kystregionane Valencia, Alicante og Murcia, har ifølgje innanriksminister Fernando Grande-Marlaska ført til at over 3.500 menneske har fått behov for nødhjelp.

Han opplyser at fleire byar har meldt inn dei kraftigaste nedbørsmengdene sidan dei byrja å føre statistikk.

– Vi reddar nokon kvart tiande minutt. Regnet høljar ned som om det ikkje kjem nokon morgondag. Det er utruleg, seier ein tenestemann i kystbyen Los Alcázares til radiostasjonen Onda Cero.

Ifølgje han er Murcia, der det bur nesten 15.000 menneske, heilt overfløymd.

Lokale styresmakter har bedt innbyggjarane om å unngå bilkøyring. Skular er stengde, det er òg flyplassane i Almeria og Murcia. I tillegg har toglinjer mellom byar og fleire store vegar vorte stengde.

– Ingen bør forlate heimane sine. Bruk sunn fornuft, sa regionpresident Fernando Lopez Miras i Murcia tidlegare fredag.

Torsdag var det meldt om to omkomne etter uvêret. Fredag opplyste spanske styresmakter at ytterlegare to personar er døde som følgje av det kraftige regnvêret.

Minst fire døde

Den eine personen som omkom fredag, vart sitjande fast i ein bil i ein overfløymd tunnel i Almeria i Alicante fredag morgon. Ifølgje den statlege tv-kanalen TVE vart to andre personar redda ut av bilen.

I tillegg har redningsmannskap funne ein 36 år gammal mann som døydde då bilen hans vart overfløymd i ein småby ti mil inn i landet frå kysten ved Almeria.

Dei to som omkom torsdag, er ei 51 år gammal kvinne og ein 61-årig mann. Dei to vart funne døde inne i ein bil som vart tatt av flaumvatn i kommunen Caudete, 10 mil sør for Valencia. Dei to var søsken.

Nødetatane i Murcia seier dei har redda 391 personar frå bilar og hus som har stått under vatn, mellom dei nokon som måtte plukkast opp med helikopter frå taket av hus. Ifølgje vêrtenesta AEMET er regnvêret det kraftigaste som har vorte registrert i regionen sidan 1917.



(©NPK)