Roleg lysdemonstrasjon i Hongkong

Tusenvis av demonstrantar brukte faklar, lykter og laserpennar i ein spesiell demonstrasjon i Hongkong under den kinesiske Månefesten.
utenriks

Demonstrasjonen fann stad samtidig som den årlege haustfestivalen, som er ein av dei viktigaste datoane i den kinesiske kalenderen. Festivalen er tradisjonelt ei tid for takkseiing og for å vere saman med familien.

Ei gruppe demonstrantar gjekk opp til toppen av Lion Rock, som har utsikt over skyskraparane i Kowloon-distriktet, som er av klodens mest tettbudde område, der dei veiva med faklar og lykter.

Ei anna gruppe danna ei menneskeleg kjede på Victoria-toppen, ofte kjent som «the Peak», ein populær turistattraksjon med utsikt til finansdistriktet og hamneområdet.

Gruppene hadde utsikt mot lysa til kvarandre, og ropte protestslagord og song.

– Festivalen er eit symbol på familie og samhald, så dette er i ånda til samlinga av Hongkongs folk, sa ein demonstrant på Victoria-toppen.

Tusenvis av andre har demonstrert ved parkar, kjøpesenter og ved hamna.

Demonstrasjonane har gått føre seg i nesten 100 dagar i Hongkong, først mot eit lovforslag som opna for utlevering av moglege lovbrytarar til Fastlands-Kina.

Forslaget vart etter kvart skrinlagt. Demonstrasjonane har halde fram og utvikla seg til protestar mot det sitjande Hongkong-styret generelt, kinesiske styresmakter og politivald.


(©NPK)