Jean-Marie Le Pen sikta for misbruk av EU-midlar

Franske Jean-Marie Le Pen, som grunnla ytre høgrepartiet Nasjonal Front, er sikta for å ha underslått EU-midlar.
utenriks

Skuldingane går ut på at han kravde pengar frå EU-parlamentet på ulovleg grunnlag som vart brukt til å lønne tilsette som jobba med base i Frankrike.

Det opplyser advokatar til nyheitsbyrået AFP fredag. Dei seier òg at Le Pen vart avhøyrd i over fire timar om jobbane til tre av medarbeidarane sine.

(©NPK)