USA vil bruke regional forsvarsavtale i Venezuela-striden

USA ønsker å ta i bruk ein regional forsvarsavtale mellom land på dei amerikanske kontinenta i striden med Nicolás Maduros regjering i Venezuela.
utenriks

Ein førespurnad om å utløyse Den interamerikanske traktaten om gjensidig bistand (TIAR) kom frå den venezuelanske opposisjonen leida av Juan Guaidó, heiter det i ei melding frå USAs utanriksminister Mike Pompeo.

– Nylege krigerske trekk frå det venezuelanske militæret der dei grupperer seg langs grensa til Colombia, så vel som nærværet til ulovlege væpna grupper og terroristorganisasjonar på venezuelansk territorium, viser at Nicolás Maduro ikkje berre utgjer ein trussel mot det venezuelanske folket. Handlingane hans truar òg freden og sikkerheita til Venezuelas naboar, heiter det i pressemeldinga frå Pompeo.

Venezuela har opplevd månader med politisk krise etter at opposisjonsleiar Juan Guaidó i januar utropte seg sjølv til mellombels president, med støtte frå den opposisjonskontrollerte nasjonalforsamlinga i landet. Dette var ei direkte utfordring til Maduros regime i landet der millionar har flykta frå fattigdom, aukande kriminalitet og arbeidsløyse.

USA var raskt ute med å anerkjenne Guaidó som «legitim president» og har sidan fått følgje av rundt 50 land.

Kva det konkret inneber at USA vil ta i bruk forsvarsavtalen TIAR, er førebels ikkje kjent.

(©NPK)