Tobakksgigant kuttar 2.300 jobbar globalt

Selskapet British American Tobacco skal kutte 2.300 arbeidsplassar på verdsbasis. Grunnen er at den nye toppsjefen i selskapet vil satse på e-sigarettar.
utenriks

I ei fråsegn seier den nye toppsjefen i selskapet, Jack Bowles, at han ønsker å slanke delar av verksemda, som mellom anna omfattar produksjon av vanlege sigarettar.

Nedbemanninga skal ifølgje selskapet vere gjennomført innan januar 2020. Blant dei tilsette som må gå, er det òg fleire leiarar og mellomleiarar.

I møte med fallande etterspørsel av tradisjonelle tobakksprodukt leitar tobakksselskap etter nye inntektskjelder frå mellom anna e-sigarettar.

Nyheita om nedbemanninga kjem dagen etter at styresmaktene i USA sa dei vil forby salet av smakstilsette e-sigarettar for å hindre at mange unge brukarar blir offer for alvorleg lungesjukdom. E-sigarettar har vore tilgjengeleg i USA sidan 2006, og har vore sett på som eit tryggare alternativ til den tradisjonelle røyken.

British American Tobacco anslår at meir enn kvar femte person i ei leiande rolle vil bli påverka av kutta, men har ikkje spesifisert i kva for regionar kutta vil skje.

På verdsbasis har British American Tobacco over 50.000 tilsette.

(©NPK)