Skattesmell for Google i Frankrike

Google inngår forlik med franske skattestyresmakter. Totalt må den amerikanske nettkjempa ut med 945 millionar euro – tilsvarande rundt 9,3 milliardar kroner.
utenriks

Forliket vart kunngjort i ein fransk domstol torsdag.

Det amerikanske nettselskapet, som har nettsøk og annonsering som kjerneverksemd, må betale 500 millionar euro som straff for skatteunndraging. I tillegg må Google ut med 465 millionar euro for å dekke andre krav frå franske skattestyresmakter.

(©NPK)