Netanyahu seier ny krig med Hamas er «uunngåeleg»

Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier Hamas-angrep frå Gaza gjer at ein ny krig mot gruppa er uunngåeleg.
utenriks

Utspelet kjem midt i den israelske valkampen, valet blir halde på tysdag.

Netanyahu seier at ein plan for eit angrep på Gaza er klar, og at han no berre ventar på det perfekte tidspunktet for å slå til, då Hamas held fram den daglege skytinga.

Ingen har mista livet som følgje av dei nylege angrepa. Det israelske militæret har svart med avgrensa angrep mot Hamas-anlegg, og heller ikkje desse angrepa har så langt kosta menneskeliv eller påført stor skade.

Netanyahu seier han ikkje vil føre krig med mindre det er siste utveg, og seier han ikkje vil risikere liva til israelske soldatar «berre for å få applaus».

– Vi vil sannsynlegvis ikkje ha noko anna val enn å starte ein stor offensiv, ein krig mot terrorkrefter i Gaza, seier han torsdag i eit radiointervju.

Netanyahu har vorte kritisert for å ikkje svare på rakettangrepa med hard nok skyts. Tysdag vart han evakuert frå eit valkampmøte etter at rakettar vart skotne mot området. Israel held Hamas ansvarlege for angrepet.

Netanyahu har dei siste dagane komme med fleire oppsiktsvekkjande utspel. Mellom anna har han lova å annektere Jordandalen om han vinn valet.

I så fall vil palestinske befolkningssenter på Vestbreidda bli liggjande som isolerte øyar blant israelske område. Netanyahu seier han vil forbinde dei palestinske befolkningssentera med nabolandet Jordan.

(©NPK)