Frankrike vil blokkere Facebooks nye kryptovaluta

Frankrike vil prøve å blokkere utviklinga av Facebooks nye kryptovaluta libra i Europa fordi den truar suvereniteten regjeringar har over eigen valuta.
utenriks

– Eg vil vere heilt tydeleg: Under desse forholda kan vi ikkje autorisere utviklinga av libra på europeisk jord, sa Frankrikes utanriksminister Bruno Le Maire under opninga av ein OECD-konferanse om kryptovalutaer torsdag.

Nettgiganten Facebook skal utvikle sin nye kryptovaluta libra saman med 28 partnarar. Målet er at talet på partnarar skal auke til 100 innan lanseringa neste år. Blant partnarane er betalingsgigantane MasterCard, Visa og PayPal, medan andre selskap som eBay, Spotify og Uber òg er med på laget.

Facebook la fram planane om libra i juni. I etterkant har fleire regjeringar og Facebook-kritikarar gjort det klart at dei er skeptiske til valutaen. Libra er venta å bli lansert første halvåret i 2020.

Ei av bekymringane er at valutaen kan gjere det enkelt for folk å ikkje bruke valutaene i landa sine i økonomiske krisetider. Dette vil ifølgje kritikarane kunne gjere det vanskelegare for styresmaktene å halde styring på økonomien.

Valutaen libra skal vere global og knytast éin-til-éin opp mot eit fond av tradisjonelle valutaer og verdipapir hos ordinære sentralbankar. Slik ønsker ein å unngå dei kraftige prissvingingane som har gjort fleire andre kryptovalutaer ueigna som betalingsmiddel. I tillegg skal kontroll over valutaen ikkje vere desentralisert, men liggje hos ein sveitsisk non-profit-organisasjon.

Den franske regjeringa planlegg òg å gi nettgigantar som Facebook, Google og Amazon 3 prosent skatt på inntektene dei har i landet.


(©NPK)