Cuba rasar etter at Twitter-kontoane til statlege medium var nede

Cubanske styresmakter reagerer sterkt etter at Twitter-kontoane til fleire statlege medium var nede under ein tale halden av president Miguel Díaz-Canel.
utenriks

Det cubanske utanriksdepartementet rettar peikefingeren mot selskapet Twitter etter hendinga onsdag.

– I ein openbert koordinert operasjon vart det prøvd å avgrense fråsegnene frå dei revolusjonære som støttar sanninga, skriv utanriksdepartementet – på Twitter.

Kontoar som høyrer til medium som Mesa Redonda, Canal Caribe, Granma og Radio Rebelde var framleis nede torsdag morgon norsk tid. Díaz-Canels tale dreidde seg om drivstoffmangelen på Cuba, og han sa at USAs sanksjonar er årsaka til problemet.

Ifølgje presidenten har det ikkje komme noko drivstoff til landet sidan tysdag, og situasjonen vil vere slik fram til laurdag når eit tankskip er forventa å komme.

Twitter har så langt ikkje kommentert situasjonen for kontoane til dei statlege cubanske media. Cubanske styresmakter blir sjølv ofte kritisert for sensur og streng kontroll av internett.


(©NPK)