Valkampen i gang i Canada

Canadas statsminister Justin Trudeau har oppløyst nasjonalforsamlinga og formelt innleidd valkampen før valet neste månad.
utenriks

Valet skal haldast 21. oktober. Det ligg an til eit tett oppgjer mellom Trudeaus liberale fleirtal og den konservative opposisjonen.

Meiningsmålingar tyder på at statsministeren vil behalde makta, men med eit svakare parlamentarisk grunnlag enn tidlegare.

Ein må heilt tilbake til 1935 for å finne ei regjering i Canada som har tapt eit val etter å ha hatt støtte av eit fleirtal i nasjonalforsamlinga i den første perioden.

Trudeau, som har vore ramma av fleire skandalar i regjeringstida, seier at veljarane har valet mellom den liberale politikken hans eller ei konservativ regjering som vil kutte i budsjetta og stramme inn på den offentlege pengebruken.

(©NPK)