Nederlandsk lege frikjent for å ha gitt dødshjelp til dement kvinne

Ein domstol i Nederland har frifunne ein lege som gav dødshjelp til ei dement kvinne. Han følgde lova på alle punkt, heiter det i rettsavgjerda.
utenriks

– Vi konkluderer med at alle krav i samsvar med dødshjelp-lovgivinga var oppfylt. Derfor er den mistenkte frikjente på alle punkt, heiter det i rettsavgjerda som fall i ein domstol i Haag onsdag.

Rettssaka var den første i sitt slag i Nederland. Både påtalemakta og legemiljøet håpte den ville oppklare korleis dødshjelp-lovgivinga i landet frå 2002 kan bli brukt i tilfelle der pasientar lid av framskriden demens.

Det var for tre år sidan at legen utførte dødshjelp på ei 74 år gammal kvinne. Ho fekk dødelege dosar av ein medisin, sjølv om det fanst nokre teikn på at ho kunne ha endra meininga si etter at ho tidlegare skriftleg hadde opplyst at ho ville ha dødshjelp.

Legen vart stilt for retten, skulda av påtalemakta for å ha handla aktlaust ved at ho ikkje gjorde nok for å finne ut om pasienten framleis ønskt å døy.

(©NPK)