Meir krig i vente etter at Trump stansa samtalar med Taliban

I Afghanistan er det frykt for at krigen vil forverre seg etter at fredssamtalane mellom USA og Taliban tilsynelatande kollapsa.
utenriks

Fleire angrep og krigshandlingar har allereie ramma landet etter at president Donald Trump laurdag skreiv på Twitter at han avlyste eit viktig forhandlingsmøte som skulle vore halde i USA.

Tre sivile vart såra i ein bombeeksplosjon i Afghanistans hovudstad Kabul måndag. Kven som stod bak bomba, er uklart. Islamist-rørsla Taliban seier likevel at dei står bak fleire angrep i provinsen Takhar.

I provinsen Sari Pul i den nordlege delen av landet vart minst fem kvinner såra då det afghanske flyvåpenet gjennomførte eit angrep søndag, ifølgje lokale styresmakter. Ei av kvinnene var gravid, og mista barnet ho bar på. Kampflya vart tilkalla etter at Taliban angreip afghanske soldatar.

Taliban-truslar

Etter at Trump avlyste møtet som visstnok skulle vore halde på presidentens landstad Camp David, fekk amerikanarane ei skarp åtvaring frå Taliban. Fleire amerikanske liv vil gå tapt, sa Taliban-talsmann Zabiullah Mujahid.

Men òg medan fredssamtalane gjekk føre seg, heldt krigen fram å rase. Trump skreiv på Twitter at han avlyste møtet på Camp David på grunn av eit Taliban-angrep i Kabul torsdag. Éin amerikansk soldat, éin rumensk NATO-soldat og ti sivile vart drepne.

– Kva slags menneske vil drepe så mange for å tilsynelatande styrke sin eigen forhandlingsposisjon? spurde Trump.

Etter at møteplanane var skrinlagde, skrytte USAs utanriksminister Mike Pompeo av at amerikanske styrkar hadde drepe over tusen opprørarar i Afghanistan dei siste ti dagane.

– Planla samtalar i Oslo

Berre for ei veke sidan hevda USAs Afghanistan-utsending Zalmay Khalilzad at USA og Taliban i prinsippet var samde om ein avtale.

Avtalen ville innebere tilbaketrekking av 5.000 amerikanske soldatar på knappe fem månader.

Til gjengjeld skulle Taliban trappe ned valdsbruken og bidra til å forhindre at internasjonale terrorgrupper opererer i Afghanistan, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Så langt har Taliban nekta å forhandle direkte med Afghanistans regjering og hevda at ho består av nikkedokker styrt av USA. Men så snart avtalen mellom USA og Taliban kom på plass, var det venta at slike samtalar skulle setjast i gang.

Fleire internasjonale medium skreiv at Taliban og representantar for Afghanistans regjering skulle møtast i Noreg. Ekspertar og diplomatar har vore i Oslo for å legge grunnlaget for samtalane, skreiv tidsskriftet Foreign Policy.

Desse opplysningane vart ikkje stadfesta av norske styresmakter. Og etter Trumps møte-kansellering er det høgst uvisst når Taliban vil gå med på å møte Kabul-regjeringa.

– Inga våpenkvile

Trumps planlagde Taliban-avtale har vorte kritisert både av demokratiske politikarar og republikanarar i USA.

Éin av grunnane er at avtalen visstnok ikkje omfatta noka våpenkvile for heile Afghanistan. I staden skulle Taliban forplikte seg til å trappe ned valdsbruken i Kabul og éin annan provins der USA har ein militærbase.

Fleire har òg reagert på at Taliban skulle få komme på besøk til Camp David berre nokre dagar før 18-årsdagen for terroraksjonen i USA 11. september 2001.

Regjeringa til dåverande president George W. Bush heldt møte på Camp David for å planlegge eit svar på terroraksjonen. Den vart gjennomført av al-Qaida, som hadde treningsleirar i Afghanistan – som den gongen var styrt av Taliban.

Ei afghansk kjelde hevdar overfor nyheitsbyrået AP at usemjer mellom partane er den eigentlege årsaka til samtalane mellom USA og Taliban ikkje har ført fram.

Taliban skal mellom anna ha kravd å få ein dato for når alle USAs soldatar skal vere ute av Afghanistan. Den afghanske regjeringa har motsett seg dette, sidan ein slik dato vil setje afghanske styresmakter i ein vanskeleg posisjon dersom dei byrjar eigne forhandlingar med Taliban.

Fakta om krigen i Afghanistan

* Krigen i Afghanistan blir anslått å ha kosta om lag 150.000 menneske livet sidan 2001. I dette talet inngår nesten 40.000 sivile afghanarar.

* Nesten 2,5 millionar afghanarar er ifølgje UNHCR registrerte som flyktningar, men det blir antatt at ytterlegare 1 million afghanarar lever som uregistrerte flyktningar i Pakistan.

* Taliban kontrollerer no omtrent halvparten av Afghanistan. I tillegg er ekstremistgruppa IS og ei rekke andre væpna grupperingar aktive i landet.

* Taliban styrte Afghanistan frå 1996 og fram til den amerikanskleia invasjonen i 2001.

* Invasjonen skjedde i kjølvatnet av 11. september-angrepa i USA, som den ekstreme islamistgruppa al-Qaida stod bak. Al-Qaida hadde treningsleirar i Afghanistan.

* USA og deira NATO-allierte hadde på det meste over 150.000 soldatar i landet.

* Nato avslutta kampoperasjonane sine i Afghanistan i 2014, men har framleis rundt 20.000 soldatar i landet, rundt 14.000 av dei frå USA. Desse trenar og støttar afghanske tryggingsstyrkar.

* Noreg har i underkant av 60 spesialsoldatar i Afghanistan, og regjeringa har vedtatt at dei skal vere i landet ut 2019. Fram til 2012 hadde Noreg ansvaret for trygginga i provinsen Faryab i Nord-Afghanistan.

* USA og Taliban har gjennomført ei rekke rundar med samtalar i Qatar det siste året. Målet har vore å bli samde om ein avtale som skal legge til rette for amerikansk tilbaketrekking og nedtrapping av konflikten i Afghanistan.

(Kjelder: NTB, UNHCR, Brown University)

(©NPK)