Ebola har spreidd seg til ny provins i Kongo

For første gong er det stadfesta at ebola-epidemien i Kongo òg har nådd den sørlege provinsen Sør-Kivu.
utenriks

– To tilfelle der folk har testa positivt på ebola har vorte stadfesta i natt, opplyser provinsstyresmaktene fredag.

Virussjukdommen dukka opp i Nord-Kivu 1. august i fjor og spreidde seg deretter til naboprovinsen Ituri. Sidan utbrotet er over 1.900 personar døde av sjukdommen.

WHO erklærte global krise etter at viruset vart påvist i millionbyen Goma førre månad.

(©NPK)