Tysklands økonomi krympa igjen

Tysklands økonomi krympa i andre kvartal og gjorde det dermed dårlegare enn både Italia og Frankrike.
utenriks

Tysklands BNP fall med 0,1 prosent samanlikna med årets tre første månader, opplyser det føderale statistikkbyrået Destatis onsdag.

– Den eksportavhengige industrisektoren blir framleis hardt ramma av den globale nedgangsperioden, handelsuro og brexit, seier økonom Markus Gütschow i Morgan Stanley.

Etter ni år med stabil økonomisk vekst har tysk økonomi no berre vakse med 0,4 prosent frå juni i fjor til juni i år. Det er den svakaste veksten på seks år.

Tala er i tråd med prognosane til analytikarane og bidrar til auka frykt for at Europas største økonomi kan snuble inn i ein resesjon.

Landet som har vore rekna som Europas økonomiske lokomotiv, hamnar no i selskap med Storbritannia, der økonomien krympa 0,2 prosent i andre kvartal.

Italia stod uendra, medan Frankrike noterte ein vekst på 0,2 prosent. Ferske tal frå Eurostat viser at veksten for dei 19 landa i eurosona var på 0,2 prosent i andre kvartal, ned frå 0,4 prosent i årets tre første månader.

(©NPK)