Trudeau blir kritisert for press for å stanse gransking

Canadas statsminister Justin Trudeau har fått ein skrape for å ha pressa riksadvokaten til å droppe granskinga av eit firma som var skulda for korrupsjon.
utenriks

Den canadiske etikkommisjonens leiar Mario Dion seier i ein rapport onsdag at Trudeaus forsøk på å presse tidlegare justisminister Jody Wilson-Raybould var i strid med reglane i grunnlova om sjølvstendet til domstolane.

Wilson-Raybould nekta å gi etter for press om å droppe kriminell gransking av det store entreprenørfirmaet SNC-Lavalin og i staden arrangere eit forlik. Firmaet var skulda for å ha betalt mutingar til tenestemenn i Libya.

Ho meiner at ho vart flytta frå justisdepartementet til jobben som minister for veteransaker fordi ho ikkje ville gi etter for Trudeaus press. Etter ein månad som minister for veteransaker sa ho opp.

Skandalen som kom for dagen tidlegare i år, er ein mørk flekk på Trudeaus renommé. Saka kosta to ministrar og to andre høgare tenestemenn jobben og førte til eit stup i oppslutninga om Trudeaus Liberale parti.

(©NPK)