SOHR: Syriske opprørarar har skote ned fly i Idlib

Syriske opprørarar skal ha skote ned eit fly frå det syriske luftvåpenet sør i Idlib-provinsen.
utenriks

Det er den London-baserte gruppa Syria Observatory for Human Rights (SOHR) som melder om nedskytinga som dei har fått melding om frå aktivistar i provinsen.

Ifølgje SOHR vart flyet skote mot medan det flaug over fronten ved Taraa.

SOHR seier at det ikkje er kjent korleis det er gått med mannskapet på flyet, som skal ha vore eit russiskprodusert Sukhou 22-fly.

(©NPK)