Greta Thunberg på veg til New York med seglbåt

Den 16 år gamle svenske miljøaktivisten Greta Thunberg reiste onsdag frå den britiske byen Plymouth på veg til New York i seglbåt.
utenriks

– Eg føler meg litt sjøsjuk, og det kjem ikkje til å bli komfortabelt. Men det kan eg leve med, sa ho til avisa The Guardian før båten sette kursen vestover.

Det unge aktivistikonet skal delta på eit klimatoppmøte i samband med FNs hovudforsamling i New York, men droppa å fly dit av miljøomsyn.

Ho vart dermed invitert med på 60 fot lange Malizia II, ein høgteknologisk konkurranseseglbåt, som er utstyrt med solpanel og turbinar under vatn for å skaffe energi.

Faren til klimaaktivisten Svana Thunberg og filmskaparen Nathan Grossman er òg med på turen over Atlanterhavet, i tillegg til Pierre Casiraghi, sonen til Monacos prinsesse Caroline, som er ein av dei to kapteinane på båten.




(©NPK)