Amerikanske flystyresmakter forbyr berbar Apple-modell i fly

Amerikanske luftfartsstyresmakter har innført eit forbod mot enkelte modellar av Apples berbare datamaskin MacBook Pro fordi han har batteri som kan ta fyr.
utenriks

USAs Federal Aviation Administration (FAA) opplyser om forbodet etter at Apple hadde tilbakekalla enkelte modellar av datamaskina fordi batteria kunne ta fyr, opplyser nyheitsbyrået Reuters.

– FAA er oppmerksam på tilbakekalla batteri som er brukte i nokre Apple MacBook Pro-modellar og har varsla flyselskapa om dette, opplyser ein talsmann for FAA.

Apple har ikkje svart på førespurnadene til nyheitsbyrået i samband med saka.

I juni opplyste Apple at selskapet ville tilbakekalle ei avgrensa mengde 15-tommars MacBook Pro etter mistanke om at batteria i datamaskinene kunne bli overoppheta. Dette dreidde seg berre om maskiner som var selde mellom september 2015 til februar 2017.

(©NPK)