Trump vil ikkje øydeleggje julehandelen, utset ny Kina-toll

USA utset ny toll på ei rekke kinesiske varer, blant dei mobiltelefonar og anna IT-utstyr. Oljeprisen og aksjekurs stig etter nyheita.
utenriks

President Donald Trump seier at han ventar med å innføre visse tollsatsar etter «gode samtaler» med Kina – samtidig som han ikkje vil skape problem for folk.

– Vi utset, slik at det ikkje skaper problem for julehandelen, sa Trump tysdag. Han la til at han oppriktig trur at Kina ønsker seg ein handelsavtale med USA.

Kontoret til USAs handelsrepresentant Robert Lighthizer opplyser at utsetjinga mellom anna omfattar berbare datamaskiner, kinesiskproduserte mobiltelefonar, dataskjermar, spelkonsollar, visse leiker og enkelte typar klede og skotøy.

Handelsrepresentanten understrekar likevel at prinsippavgjerda står fast om å innføre ein tollsats på 10 prosent på ei rekke kinesiske importvarer 1. september. Men for mange typar varer blir tollen lagt på is og blir først sett i verk 15. desember.

I tillegg vil enkelte andre produkt sleppe tollen fullstendig av omsyn til nasjonal sikkerheit, helse og «andre faktorar».

Oppgang i Oslo

Både aksjekurs og oljeprisen steig etter nyheita tysdag. Prisen på nordsjøolje steig 3,7 prosent, ifølgje E24. Industriindeksen Dow Jones styrkte seg med 2 prosent då toll-utsetjinga vart kjent.

Også i ei rekke andre land gjekk aksjekursane opp. I Oslo hadde hovudindeksen stige 0,93 prosent då børsen stengde her.

Frå Beijing vart det tysdag opplyst at Kinas forhandlingsleiarar har vore i kontakt med USAs handelsrepresentant Robert Lighthizer og finansminister Steven Mnuchin. Den neste planlagde runda med handelsforhandlingar blir i Washington om to veker.

Dette har i finansmarknadene tent eit håp om at dei økonomiske stormaktene i verda skal klare å løyse ein handelskonflikt som har vart i over eitt år, og som har kasta lange skuggar over verdsøkonomien.

Strid om landbruksvarer

Trump opplyste tysdag at Kina enno ikkje har halde løfta sine om å kjøpe betydeleg meir landbruksprodukt frå USA.

– Som vanleg har kinesarane sagt at dei skal handle stort i USA, men så langt har dei ikkje innfridd løfta sine. Kanskje det blir annleis no, tvitra presidenten.

President Donald Trump varsla 1. august at nye tollbarrierar mot kinesiske varer skulle innførast 1. september. Planen var då å legge 10 prosent toll på varer til ein verdi av 300 milliardar dollar.

Hadde dette vorte gjennomført som varsla, i tillegg til tollsatsane som allereie er innførte, ville omtrent all kinesisk eksport til USA vore bremsa av tollbarrierar.

Bekymringane i finansmarknadene i verda har auka dei siste vekene etter at Trumps planar om meir toll på kinesisk varer vart kjente.


(©NPK)