Trump vurderer å sparke handelsminister Ross

President Donald Trump vurderer å sparke handelsminister Wilbur Ross etter at det mislykkast å få eit punkt om statsborgarskap inn i folketeljingsskjemaet.
utenriks

Trump måtte førre veke gi opp å få det omstridde spørsmålet om amerikansk statsborgarskap inn i skjemaet for folketeljinga neste år etter at høgsterett sette ned foten.

Saka vart oppfatta som eit kraftig nederlag for Ross som hadde jobba for å få spørsmålet inn på skjemaet.

Måndag siterte NBC ei rekke anonyme kjelder som seier at Trump dei siste dagane har sagt til fleire av medarbeidarane sine at han vurderer å gi Ross sparken allereie no i sommar.

Ross, som tidlegare spelte ei viktig rolle i Trumps aggressive handelspolitikk, har den siste tida ikkje vore særleg synleg i forhandlingane med Kina.

Motstandarane av at spørsmålet skulle inn i skjemaet, kalla forsøket til administrasjonen ein taktikk for å gjere det lettare for republikanarane å få valt inn sine i Kongressen.

Resultatet av folketeljinga blir nemleg brukt til å bestemme kor mange representantar kvar delstat har i Kongressen, og frykta var at eit spørsmål om statsborgarskap ville skremme ikkje-kvite frå å delta i folketeljinga.

(©NPK)