Israel fordømmer EU for å prøve å redde Iran-avtalen

Israels statsminister Benjamin Netanyahu kritiserer EU for å prøve å redde atomavtalen med Iran.
utenriks

– Det verkar som det er nokon i Europa som ikkje vil vakne før iranske atomrakettar landar på europeisk jord. Men då er det for seint, tvitra Netanyahu måndag.

Han uttalte seg medan europeiske utanriksministrar møttest til krisesamtalar om atomavtalen etter at Iran varsla at dei aukar anrikinga av uran til over nivået som avtalen fastset.

EUs utanrikssjef Federica Mogherini seier at auken er reversibel, og at dei andre partane i avtalen ikkje vurderer den som eit alvorleg brot på avtalen.

Avtalen frå 2015 innebar at ein betydeleg del av sanksjonane mot Iran skulle opphevast mot at Iran avgrensa atomprogrammet sitt, men USAs president Donald Trump trekte USA frå avtalen i fjor og gjeninnførte strenge sanksjonar.

Førre veke gjorde Netanyahu det klart at israelske jagarfly kan nå kvar som helst i Midtausten, inkludert Iran.

Netanyahu var sterkt imot avtalen som vart underskriven av USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland, Kina og Iran, og han pressa på for at Trump skulle trekke USA ut av han.

(©NPK)