313 lik gravne opp av massegrav i Syria

313 lik er hittil gravne opp av ei massegrav som vart oppdaga førre månad utanfor Raqqa i Syria.
utenriks

Alle dei døde er menn, kvinner og barn som truleg vart drepne eller døydde medan IS herska i Raqqa i det nordlege Syria.

Raqqa vart vurdert som hovudstaden i IS' kalifat og var åstad for mange av dei grufulle overgrepa som ekstremistgruppa stod bak mot innbyggarar som ikkje respekterte den ekstreme ideologien til gruppa.

USA-støtta syriske styrkar tok tilbake Raqqa frå IS i 2017 etter ein lang kamp som la byen i ruinar.

Sidan det har lokale grupper arbeidd med å avdekke massegraver i og rundt byen med mål om at det dei avdekker, kan brukast som bevis i ei eventuell sak mot IS om krigslovbrot.

Yasser al-Khamees, som leier eit team som jobbar med gravene, seier at det sidan januar 2018 er grave opp 4.760 døde frå ei rekke massegraver ved Raqqa.

(©NPK)