Thailendar dømt til døden for turistdrap

Ein thailandsk mann er dømd til døden for valdtekt og drap på ein tysk turist tidlegare i år.
utenriks

Den 24 år gamle mannen vart arrestert i april, få timar etter at ei 27 år gammal tysk kvinne vart funnen valdtatt og drepe på ferieøya Koh Sichang i Thailandbukta i april.

24-åringen tilstod drapet som skal ha skjedd medan han var rusa på metamfetamin.

I fjor fullbyrda thailandske styresmakter ei dødsstraff for første gong sidan 2009 då ein drapsdømt mann vart avretta med giftsprøyte.

Thailand er ein av dei mest populære turistdestinasjonane i verda, og i år blir det venta at om lag 40 millionar turistar besøkjer landet. Landet blir generelt rekna for å vere eit trygt reisemål.

(©NPK)