Sjefen for Boeings 737 MAX-program blir skifta ut

Medan Boeings ulykkesramma 737 MAX-modell framleis står på bakken, blir det utpeikt ein ny sjef for flytypen.
utenriks

Det kjem fram i eit notat frå flyprodusenten torsdag, som nyheitsbyrået Reuters har fått tilgang til.

Eric Lindblad går av med pensjon innan få veker, etter knapt eit år i sjefsstillinga, seier direktør for Boeings passasjerflyavdeling, Kevin McAllister, i notatet. Mark Jenks, som har jobba i Boeing i 36 år, overtar. Jenks kjem frå jobben som leiar for prosjektet med å utvikle det mellomstore passasjerflyet til neste generasjon for Boeing. Han har òg fått mykje av æra for å få Dreamliner på rett veg.

Til saman 346 menneske mista livet i to 737 MAX 8-ulykker i Indonesia i oktober i fjor og Etiopia i mars. Etter Etiopia-ulykka vart flytypen sett på bakken av luftfartsstyresmakter over heile verda.

Utskiftinga av Lindblad er den første i Boeings toppleiing sidan ulykkene, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

(©NPK)