Sjølvmordsbombar (13) sprengde seg sjølv i afghansk bryllaup

Minst fem menneske vart drepne i eit sjølvmordsangrep mot eit bryllaup aust i Afghanistan fredag. Sjølvmordsbombaren var 13 år gammal, ifølgje styresmaktene.
utenriks

Angrepet skjedde i Nangarhar-provinsen aust i Afghanistan, og ytterlegare 40 menneske vart såra då sjølvmordsbombaren utløyste ei sprengladning, opplyser ein talsmann for den lokale guvernøren.

Angrepet var retta mot bryllaupet til ein slektning av ein lokal regjeringsvennleg militsleiar.

Militsleiaren er blant dei som vart drepne, og ifølgje lokale styresmakter var han antakeleg målet for angrepet.

Ingen har så langt tatt på seg ansvaret for angrepet.

(©NPK)