Noreg seier nei til båtmigrantar – har avvist fleire førespurnader frå EU

EU har to gonger i år bedt Noreg om hjelp til å få relokalisert migrantar som er plukka opp i Middelhavet. Svaret har begge gonger vore nei.
utenriks

Det får NTB stadfesta frå Justis- og beredskapsdepartementet. Det er EU-kommisjonen som har komme med førespurnadene til Noreg.

– Ved vurderinga vart det mellom anna lagt vekt på at relokalisering kan auke insentiv for personar utan vernbehov til å legge ut på reise over Middelhavet, og at det kan bidra til å halde oppe ein marknad for smuglarane, seier kommunikasjonssjef Gunnar A. Johansen.

Han forklarer at det Noreg ønsker seg, er ei forpliktande og permanent fordelingsordning der alle europeiske land er med.

Det kom òg tilsvarande førespurnader til Noreg i 2018. Då sa Noreg ved eitt høve ja, noko som førte til at sju migrantar frå redningsbåten MV Lifeline vart relokalisert frå Malta til Noreg.

Noreg skal ikkje ha vorte spurt om å ta imot migrantar frå Sea-Watch 3.

Denne redningsbåten fekk stor merksemd då kaptein Carola Rackete i juni trassa ordrane til politiet og la til kai på Lampedusa utanfor Italia med 40 migrantar om bord.

Finland, Frankrike, Luxembourg, Portugal og Tyskland har gått med på å ta imot migrantar frå båten, som tilhøyrer ein tysk hjelpeorganisasjon og seglar under nederlandsk flagg.

(©NPK)