Migrantar tok over Pantheon i Paris – krev å få bli i landet

Fleire hundre migrantar tok over den ikoniske kyrkja Panthéon i Paris fredag, i ein protest med krav om å få bli i Frankrike, ifølgje aktivistar.
utenriks

Ein video på Twitter viser fleire hundre personar ved kyrkja. Dei roper taktfast «svarte vestar», som er namnet på ei foreining med migrantar i Paris.

Namnet er inspirert av protestrørsla dei gule vestane, som i månadsvis har demonstrert mot regjeringa i Frankrike.

Om lag 700 migrantar og støttespelarar deltok i demonstrasjonen, ifølgje ein medlem frå den franske aktivistgruppa La Chapelle Debout, som hjelper migrantar i Paris.

Deltakarane i aksjonen på fredag krev eit møte med statsminister Édouard Philippe.

Turistar vart evakuerte frå kyrkja og store politistyrkar held vakt ved bygget. Blant dei som er gravlagt i krypta i kyrkja, er forfattarane Voltaire, Victor Hugo og Emile Zola.


(©NPK)