May beklagar brexit-polarisering

Avtroppande statsminister i Storbritannia Theresa May seier ho angrar på at ho ikkje gjorde meir for å forhindre at brexit-debatten vart så polarisert.
utenriks

– Eg gjorde alt eg kunne for å få avtalen godkjent. Eg var villig til å gjennomgå han med Jeremy Corbyn og villig til å ofre jobben min, seier May i eit avskjedsintervju med avisa The Daily Mail.

Etter tre mislykka forsøk på å få fleirtal i Underhuset for utmeldingsavtalen med EU, kunngjorde May 24. mai at ho ville gå av som leiar for det konservative partiet 7. juni.

Ho held likevel fram som statsminister til ein ny partileiar er på plass 23. juli.

– Burde gjort meir

– Eg hadde feilaktig antatt at den vanskelegaste delen av forhandlingane ville vere med EU, at Parlamentet ville akseptere avgjerda til det britiske folket og berre få det gjort. Eg hadde trudd at folk som har kjempa så hardt for brexit, ville stemme for å få oss ut – men det gjorde dei ikkje, seier May.

Den avtroppande statsministeren er samd i at ho burde ha gjort meir for å stanse den språklege polariseringa mellom ein «mjuk og hard brexit» som splitta Det konservative partiet og Labour-partiet i tillegg til den britiske opinionen.

Det er venta at ho skal overlevere statsministerposten den 24. juli. Tidlegare utanriksminister Boris Johnson og utanriksminister Jeremy Hunt kjempar om å ta over som ny leiar for Det konservative partiet og dermed også jobben som statsminister.

Mykje tyder på at det blir Johnson som flyttar inn i 10 Downing Street.

Handlar om å tene folket

I intervjua med Daily Mail understrekar May at jobben til statsministeren handlar om å tene folket og ikkje om makt – noko som kan bli tolka som ein kommentar til Johnson.

Ho problematiserer òg dei som reagerte på at ho vart kjenslemessig rørt då ho kunngjorde avgangen sin.

– Viss ein mannleg statsminister græt, ville han vorte hylla som patriot, medan viss ein kvinneleg statsminister græt, spør folk: kvifor græt ho?

(©NPK)