Kongressen avgrensar Trumps handlerom – får ikkje starte Iran-krig på eiga hand

Representanthuset har stemt for å avgrense USAs president Donald Trump sitt handlingsrom til å starte krig mot Iran.
utenriks

Avgjerda er del av ein vedtakspakke som også kuttar i Trumps rekordhøge forsvarsbudsjett.

Ei rekke republikanske representantar stemte saman med det demokratiske fleirtalet i Representanthuset. Dermed vart det bestemte at Trump framover vil trenge godkjenning av Kongressen for å innleie militærangrep mot Iran.

Førre månad var Trump berre minutt unna å setje i gang eit rakettangrep mot Iran, som svar på nedskytinga av ein amerikansk drone i landet.

Trump skreiv på Twitter at tre ulike mål var plukka ut, men at han stansa angrepet ti minutt før måla ville ha vorte trefte. Presidenten seier han valde å avblåse då ein general fortalde han at 150 menneske kunne døy.

(©NPK)