Danmark bygger skibakke over fyrrom – teoretisk risiko for å bli kokt

København får endeleg sin eigen kunstige skibakke til hausten. Den er plassert over eit fyrrom på eit forbrenningsanlegg. I teorien kan skiløparane bli kokte.
utenriks

Bygginga av skiparken på Amager Bakke starta i 2013. Anlegget er nesten ferdigstilt, men det står att gjennomføring av testar og innhenting av dokumentasjon før bruksløyvet er klar.

Eit slikt løyve er nødvendig fordi skibakken er plassert over eit fyrrom som tilhøyrer forbrenningsanlegget på staden. Det inneber ein svært liten teoretisk risiko for at skiløparar blir kokte i hjel dersom ei ulykke oppstår, opplyser danske TV 2 Lorry.

Planen var at den 450 meter lange skibakken skulle opne i april. Men opninga er utsett til 4. oktober som følgje av manglande godkjenningar.

Amager Bakke får ein svart, raud, blå og grøn trasé. Underlaget er laga av gummibørstar, kledd med silikon. For å gi betre fart ned bakken, blir ski og snowboards òg sprøyta med silikon.

Skibakken blir bygd av Amager Ressourcecenter og blir ein av dei største kunstige skibakkane i verda.

(©NPK)