Bolsonaro nominerer sonen til ambassadør i USA

Brasils president Jair Bolsonaro tilbyr sonen Eduardo jobben som ambassadør for landet i Washington, skriv nyheitsbyrået Reuters.
utenriks

Brasils førre ambassadør i Washington har gått av med pensjon. Torsdag tilbaud den høgrenasjonalistiske presidenten den ledige plassen til sonen sin, skriv nyheitsbyrået.

Eduardo Bolsonaro (35), ein av Bolsonaros fire søner, sit for augneblinken i den brasilianske kongressen, men har tidlegare sagt at han vil takke ja til ambassadørjobben dersom moglegheita byr seg.

Bolsonaro, som har fått tilnamnet «Tropenes Trump», har til liks med den amerikanske presidenten gitt familiemedlemmer viktige politiske posisjonar. Eduardos storebror Carlos (36) er i kommunikasjonsteamet til presidenten.

(©NPK)