EU vil kjøpe meir kjøtt frå USA

EU er blitt samd med USA om auka import av storfekjøtt.
utenriks

Semja går ut på at ein kvote på 35.000 tonn skal setjast av til storfekjøtt frå USA over ein periode på sju år, medan 10.000 tonn vil bli sett av til andre land. EUs vilkår er at kjøttet ikkje kan vere hormonbehandla.

EU-kommisjonen understrekar samtidig at semja ikkje vil bety at EUs samla import av storfekjøtt aukar.

Den nye kvoten må godkjennast av så vel USA som EUs medlemsland og EU-parlamentet før han kan tre i kraft.

Semja kjem som ei oppfølging av den såkalla våpenkvila som vart inngått mellom USAs president Donald Trump og EU-kommisjonens sjef Jean-Claude Juncker i fjor sommar for å unngå ei ytterlegare eskalering av Trumps tollkrig mot EU.

Trump har kritisert EU sterkt for ikkje å opne marknadene for amerikanske bønder.

(©NPK)