Norwegian-fly vart nekta å fly over Tyskland

Eit Boeing 737 MAX-fly frå Norwegian måtte lande i Frankrike etter at det vart nekta å fly inn i tysk og fransk luftrom.
utenriks

Kommunikasjonsrådgivar Tonje Næss i Norwegian stadfestar hendinga overfor Flysmart24.no.

– Vi hadde alle nødvendige godkjenningar frå europeiske luftfartsstyresmakter (EASA) og Eurocontrol til å gjennomføre ei såkalla posisjoneringsflyging mellom Malaga og Stockholm. I tillegg har svenske luftfartsstyresmakter gitt oss løyve til å lande på Arlanda i Stockholm, seier ho.

Airlive omtalte hendinga først.

Det var ingen passasjerar om bord i flyet, som no ventar på løyve til å lette og setje kursen mot Sverige igjen.

Maskina er eitt av dei 18 Boeing 737 MAX-flya Norwegian har sett på bakken.

Bakgrunnen for flyginga på onsdag var å flytte flyet for å ha fleire fly på same stad når flytypen igjen blir godkjent for kommersiell trafikk.

Til saman 346 menneske mista livet i to 737 MAX 8-ulykker – den eine i Indonesia i oktober i fjor og den andre i Etiopia i mars i år. Flytypen vart etter ulykka i Etiopia sett på bakken av luftfartsstyresmakter over heile verda.

(©NPK)